Dampbåtar på Mjøsa og i Gudbrandsdalen

Det var ikkje liten trafikk på Mjøsa før det kom dampbåtar der. Varene vart køyrde frå Kristiania til Eidsvoll og vidare oppover mjøsisen når det var is, eller rodd i føringsbåtar når isen gjekk. Det gjekk mange slike båtar. I 1827 var det rekna at det gjekk 200 – 250 båtar. Det var opne, flatbotna båtar, rankbygde og utan kjøl. Derfor var dei dårlege i sjøgang og ikkje heilt ufarlege. Det hende at dei gjekk rundt og forliste. Ein gong forliste ein båt med sju mann som alle drukna.

Forslag om kjerrat

Eitt av dei første prosjekta som vart sett fram for å betre samferdsels- og transportforholda på Opplandene, var eit forslag frå Selskapet for Norges Vel i 1815 om eit kjerrat-anlegg, og om sluser i Glomma og Vorma.

Dei første dampbåtane

I 1840 kom den første Mjøs-dampbåten, etter langvarig og iherdig arbeid. Den største æra for dette hadde kjøpmann Ludvig Wiese på Lillehammer. Men også gardbrukar og stortingsmann Peder Fauchald på Toten arbeidde for dette. Etter Fauchalds forslag i 1839 ga Stortinget eit lån på 15.000 speciedaler til ein dampbåt på Mjøsa. Wiese og Fauchald saman med sokneprest Nissen i Øyer vart valde til å greie med saka. Wiese reiste til England og kjøpte båten. Den vart bygd av jern i Glasgow, frakta til Kristiania på eit seglskip, køyrd opp til Minne og klinka saman der.

Bilde fra Dagbok fra byggingen av Jernbarden
Dagbok fra byggingen av Jernbarden (A-00009 Ludvig Wiese/Opplandsarkivet avd. Maihaugen)
Bilde av Plakat om Jernbardens avganger
Plakat om Jernbardens avganger (A-00009 Ludvig Wiese/Opplandsarkivet avd. Maihaugen)

Ferdig kosta den 1600 spd. Den fekk namnet ”Jernbarden” etter Erik Ladejarls skip som var med i slaga ved Svolder og Hjørungavåg. Mange folk var til stades da ”Jernbarden” la ut for første gong. Det var eit særsyn å sjå ein båt, til og med av jern, flyte på vatnet. ”Jernbarden” gjekk ikkje fort. Den brukte ein dag frå Eidsvoll til Lillehammer, men gløymde ikkje å saluttere når det var høve til det.

I 1848 kom ein ny dampbåt, ”Dronningen”, kosta av eit selskap på Lillehammer. ”Jernbarden” var i drift til 1875, ”Dronningen” til 1887.
I 1854 vart Oplandske Dampskibsselskab stifta. Dette selskapet sette fleire båtar i drift. ”Skibladner” og ”Færdesmanden” kom i 1856, ”Thordenskiold” i 1876. I åra 1868 til 1897 heldt også jernbanen to båtar i drift, ”Kong Oscar” og ”Thor”. I lang tid var ordninga slik at ”Skibladner” og ”Kong Oscar” hadde det meste av persontrafikken, og dei andre hadde varetrafikken.

Alle desse båtane var hjulbåtar og derfor dårlege isbrytarar. Derfor vart ”Thordenskiold” innkjøpt. Den hadde propell og gjekk betre i isen, og vart derfor brukt mest om vinteren. I løpet av 32 år skal båtane til Oplandske Dampskibsselskab ha frakta nær 1 million reisande.

Det vart sett i drift fleire mindre dampbåtar for lokaltrafikken. Det var i 1892 på Mjøsa ei flåte på i alt 11 dampbåtar med 70 manns besetning. Men etter kvart som jernbanenettet utvikla seg, avtok dampbåttrafikken.

Dampbåt på Losna

Også på Losna vart det prøvd med dambåtfart. I 1848 var Wiese over i England etter ein dampbåt som skulle settast i drift der. Det var eit stort skrog, ”ei uhøvleg stor skreppe”, som Vinje sa. Den vart kalla ”Dalegudbrand”, men gjekk berre i nokre år.

Båtar på Vågåvatnet

Også på det fire mil lange Vågåvatnet i Ottadalen vart det gjort forsøk med båttrafikk. Paul Grasdalsmoen i Lom bygde den første båten driven med dampmaskin. Det vart berre ein prøvetur så var det slutt.

Bilde av Billett fra dampskipet Jernbarden fra 1844
Billett fra dampskipet Jernbarden fra 1844 (Opplandsarkivet avd. Maihaugen: A-00009 Ludvig Wiese)
Bilde av Rutetider for dampskipet Jernbarden
Rutetider for dampskipet Jernbarden (Opplandsarkivet av. Maihaugen: A-00009 Ludvig Wiese)

Eit interessentselskap i Vågå bygde ein større båt, ”Jutulen”. Den var først ein hjulbåt med eit stort hjul i akterenden. Seinare fekk den propell. Båten gjekk frå Vanglandet i Vågå til Fossberg, og var mykje brukt av reisande. Men den var ikkje heilt driftssikker. Eit sangkor frå Vågå som skulle innvie eit kyrkjeorgel i Lom, vart liggande å drive på det spegelblanke vatnet til ein reparatør kunne bli henta.

Også Skjåk ville ta del i båttrafikken og fekk bygd ein mindre djuptgåande motorbåt som heitte ”Kvikk”. Den gjekk opp til ei brygge nedanfor Soglo.
Men da bilen kom, var det slutt. ”Jutulen” vart hogd opp og plankane brukte til plan på den første lastebilen. ”Kvikk” vart seld til Otta og frakta nedover med hesteskyss. Etter dette overtok bilane trafikken i Ottadalen.


Her finner du kilder og litteratur brukt i denne artikkelen.