Flytrafikk i Gudbrandsdalen

Det første flyet

Roald Amundsen og Einar Olav Sem-Jacobsen landet med sitt fly på lysgårdsjordet i Lillehammer i 1914. Dette var det første flyet som landet i Lillehammer-området. (Kilde: Maihaugen – fotoarkivet – SS-KH-209)

Første gongen det landa eit fly på Lillehammer, og truleg også første gongen i Gudbrandsdalen, var da den vidgjetne polfararen Roald Amundsens fly landa på Lysgårdsjordet ovanfor Lillehammer 4. april 1914. Den som førte flyet, var kaptein Sem Jacobsen, og om bord var også Amundsen.
På jordet var det djupsnø med ein halv meter nysnø på toppen. Flyet hadde hjul, og det var ein kombinasjon av ein svært dyktig flygar og flaks at flyet ikkje gjekk rundt da det landa, men berre fekk små skader.
Den store sensasjonen var at ingen mindre enn Roald Amundsen, ein av dei mest populære mennene i verda på det tidspunktet og som hadde nådd Sørpolen tre år tidlegare, steig ut av flyet. Både han og flygaren Sem Jacobsen fekk stormande jubel etter oppmoding av lillehamringen Oluf Fagstad. Han hadde fått i oppdrag å skaffe bensin til flybesøket, og var den einaste som visste noko på førehand. 
Hendinga vekte stor oppsikt, for inntil da hadde ikkje noko fly vore på vengene over Lillehammer, og svært få hadde sett eit fly i lufta. Folk gjekk mann av huse for å sjå på da flyet letta att og gjorde ein sving over den nordre bydelen.
Lillehammer Tilskuer skreiv om hendinga: ”Det gikk med rask fart og rabalder som selv ikkje barnas hujing og hundenes vettskremte hyl formådde å overdøve. Dette var endog verre enn en automobil. Selv en flokk tamme duer flakset i beflippelsen ut av sine bur.”

Vinterflyrute frå København til Lillehammer

SAS-fly på Mjøsisen foran Strand på Vingnes i Lillehammer med teksten «Flykontroll» på veggen. (Kilde: Maihaugen – fotoarkivet)

Den 15. januar 1947 vart Vinterflyruta København – Lillehammer offisielt opna med ei tilstelling på Victoria Hotel. Der var mellom andre presse, film og kringkasting til stades. Men flyet kom ikkje! Været slo seg vrangt, og først tredje dagen kunne flyet lande. Dei fleste som hadde møtt fram, hadde da reist att.
Flyruta var eigentleg ei prøverute som skulle gå over tre år i første omgang. Strand Restaurant på Vingnes var bygd om til flystasjon. Ruta vart trafikkert av eit DC-3-fly med plass til 21 passasjerar. Flyruta vart populær blant danske vinterturistar, og flya gjekk ofte fullasta. Tredje prøveåret var det også ei rute Ålborg – Oslo – Lillehammer, og det var faktisk på tale med ei flyrute Stockholm – Oslo – Lillehammer. Men dette vart ikkje realisert.
Den regulære flyginga starta 1. februar 1947 og varte til 31. mars. Det same skjedde i 1948, men i 1949 vart ruta halden i gang frå 12. januar til 27. mars, sju gonger for veka. Landingsbana på Mjøsa var 1800 m lang og 150 m brei.

Passasjerfly fra «Norwegian Air Lines» på mjøsisen ved Lillehammer på slutten av 1940-tallet. (Maihaugen – fotoarkivet)

Det vart prøvd på ny frå 13. februar 1950, men berre annankvar dag. Ruta vart innstilt 22. mars. Denne vinteren var det 468 inn- og utgåande passasjerar, dei fleste utgåande, men åra før var passasjertalet høgare.
Da prøveåra var ute, kunne tiltakssjefen i Lillehammer opplysa at flyruta hadde meir enn betalt seg. ”Lillehammers namn har aldri vært så sterkt fremme i Skandinavia som etter at flyruten kom”, sa tiltakssjefen, som la til at målet nå var også å få ei sommarrute.
Seinare vart det korkje vinter- eller sommarrute. 

Planar om flyplass på Tolstadåsen

For å auke turisttrafikken til Nord-Gudbrandsdalen, og for å gi ein betre kommunikasjon mellom Norddalen og omverda, vart det sett i gang arbeid for å få bygd ein flyplass på Tolstadåsen mellom Sel og Vågå. Og det vart stifta eit selskap som hadde som mål å arbeide for å få ein regional flyplass på Tolstadåsen med statleg investerings- og driftsansvar på lik line med dei andre regionale flyplassane i landet. Eigarane av selskapet var i hovudsak kommunane i Nord-Gudbrandsdalen saman med private.
Planane om flyplass på Tolstadåsen vart skrinlagt i Fylkesplanen for 2005-2008.

Flyplass på Frya i Ringebu

Lillehammer Seilflyklubb kom hausten 1983 med forslag til Ringebu kommune om å legge ei flystripe på Frya, eit furuskogområde om lag fem km vest for Ringebu, og som ligg mellom E-6 og Gudbrandsdalslågen. Eigaren av området er Ringebu kommune, og det blir administrert av Frya Industrianlegg. Seglflyklubben hadde i nokre år hatt sin vinteraktivitet på isen i Vingnesvika ved Lillehammer. Om sommaren var Hamar og Starmoen ved Elverum dei næraste aktuelle flyplassane. Etter kvart vart det vanskelegare å få bruke Hamar, og Elverum vart det einaste reelle alternativet. Det vart lange og tidkrevjande køyreturar før ein kunne kome i lufta, og Lillehammer Seilflyklubb tok derfor til å sjå etter muligheter for å få til ein flyplass i Gudbrandsdalen.
Styret for Frya Industrianlegg fatta straks interesse for spørsmål og forslag frå seglflyklubben. Det vart utarbeidd ein plan for ei 800 m lang rullebane inne på industriområdet.

I januar 1984 gav Luftfartsverket Frya Industrianlegg løyve til å bygge, eige og drive flyplass til ikkje allmenn bruk. Kommunen/Frya Industrianlegg fekk økonomiske tilskott for å sette i gang skogsarbeidarkurs, og det vart også gode inntekter ved hogginga av tømmeret som vaks på området. Området der flystripa skulle leggast, har stabil grunn av grov grus og steinmasse. Når det i tillegg er små høgdeforskjellar, vart det ikkje behov for mykje flytting av masse. Dermed vart netto utgift for utbyggaren kr 282.000 for 800 m rullebane med toppdekke av grus, 10 m skuldrer og 10 m hinderfri sone. Denne stripa vart tatt i bruk av Lillehammer Seilflyklubb i påsken, april 1985. Seglflyklubben på Gardermoen hadde også påskeleir på denne nye flyplassen, og i alt var det to motorfly for sleping, åtte seglfly og 25 klubbmedlemmar frå dei to klubbane som var dei første brukarane av Frya flyplass. Dei opplevde også at her var det gode forhold for seglflyging idet termikk, hang og bølgjer gav fin oppdrift.

Kva var det første flyet som landa og tok av frå Frya? Jo, det var Thore Wadahls Cub. Torsdag 1. november 1984 køyrde Åge Dalsegghagen og Tor Furuseth gravemaskinane til side, og Thore Wadahl sette sin J-3 Cub LN-FAB frå 1937 pent ned på det som etter kvart vart Frya Flyplass. ”Med dette har jeg åpnet begge flystripene i midtdalen”, sa Wadahl idet han viste til si eiga flystripe oppe på fjellet ved Wadahl Høgfjellshotell.
I løpet av sommaren 1985 vart det asfaltert ei rullebane på 800 m med 10 m breidde. Dette kosta ca. kr 500.000, dvs. en totalpris på rundt kr 800.000. Ved sida av Frya Industrianlegg må det også nemnast at Oppland Luftsportkrets har vore med i utbygginga.
Flyplassen har ingen installasjonar for instrumentell innflyging eller mørkeflyging. Den er derfor godkjent i kategorien ”landingsplass til ikkje allmenn bruk”. Derfor kan den heller ikkje trafikkerast i rute, og storleiken på flya er avgrensa til einmotors fly med maks 10 passasjerar. På den andre sida blir det stilt små krav til drifta.

I starten var planane for flyplassen store og nokså høgtflygande. Det vart snakka om regulær rutetrafikk og chartertrafikk og vidare utbygging. For å drive saka framover vart Frya Flyplass A/S danna og aksjeteikning sett i gang. Selskapet hadde 630 aksjeeigarar med til saman 9650 aksjar. Kvar aksje var pålydande kr. 100, og aksjekapitalen var på kr 965.000. Dei 630 aksjeeigarane desse hadde til saman 5150 A-aksjar. Dette var kommunane Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu, Øyer og Gausdal saman med Gudbrandsdal Energi A/S. Dei andre aksjeeigarane var personar, næringsverksemder og interesseorganisasjonar, dei fleste med nokre få B-aksjar kvar.

Det første passasjerflyet som landa på Frya, var ein Cessna Conquest fra Airex. Det var flygarane Willy Westhagen og Terje Kvil som den 9. august 1985 kom med Bobbysocks til Gudbrandsdalen der dei på årets Peer Gynt-stemne skulle tildelast kvar sin Peer Gynt-statuett. Ifølgje avisoppslag ved dette høvet hadde flygarane omtala innflygingstilhøva som perfekte, og ”sammenlignet med andre kortbaneplasser i Norge er plassen nærmest perfekt!”
Frya flyplass vart offisielt opna søndag 25. august 1985 med eit relativt stort flystemne, teknisk arrangert av Oppland Luftsportskrets og med praktisk støtte frå Lillehammer Seilflyklubb. Det offisielle programmet starta kl 11.30 da Widerøes Dash 7 landa, ført av kaptein Tor Rød. Så gjekk det slag i slag med seglfly, veteranfly, fallskjerm, hengglidarar, helikopter, vassbombefly, akrobatoppvisning og småfly i fleng. Til og med eit uventa besøk av eit rutefly kom på programmet. En Busy Bee-maskin, Fokker Friendship, i rute for Braathens SAFE frå Gardermoen til Molde gjorde eit par overflygingar. Både stemnegeneral Helge Menkerud og arrangementskomiteens Berulf Waagan var svært så fornøgde da stemnet var slutt rundt kl. 16.00. Om lag 5000 tilskodarar var tilstades under flyplassopninga, og forventninga til vidare utvikling var stor både hos private og offentlige personar.

I tida som fylgde var det mange og ulike interesser som kasta seg inn i kampen om framtida til Frya flyplass, og det ville vere synd å seie at desse drog i same retninga. Flyplassen hadde så langt status som ”Flyplass til ikke allmenn bruk”, men det vart arbeidd vidare for å utvide plassen med tanke på turisme og chartertrafikk. Likevel vart det etter kvart klart at når det galdt samferdsel, ville Frya flyplass ikkje kunne spele nokon rolle. Dette vart enda tydelegare da Fornebu vart nedlagt og Gardermoen vart ny hovudflyplass. Dermed fall noko av grunnlaget og føresetnaden bort for Frya, og dei einaste som sto att og hadde nytte og glede av plassen, var Oppland Luftsportskrets, Lillehammer Seilflyklubb og etter kvart Gudbrandsdal Flyklubb som også skulle kome til å kunne skole fram elevar til motorflysertifikat.

I 1992 vart det oppført eit såkalla servicebygg på flyplassen. Dette var eit bygg på ca. 60 kvadratmeter som romma varmestue, kontor, toalett og vaskerom, og med dette var heile aksjekapitalen til Frya Flyplass A/S brukt opp, – og vel så det. Når så selskapet ikkje hadde andre inntekter enn leige frå Gudbrandsdal Flyklubb, sa det seg sjølv at selskapets dagar var talde.

Lillehammer Seilflyklubb hadde stor glede av den nye flyplassen. Klubben hadde to seglfly, Bergfalke III LN-GLS og Bergfalke IV LN-GLN. I tillegg hadde klubben ein Piper Tripacer som slepefly. Uheldigvis havarerte slepeflyet i mai 1985, men ikkje lenge etter var eit nytt slepefly på plass. Dette var ein Rallye 180T, innkjøpt frå Sverige (SE-GFD) som seinare vart registrert som LN-LFG. Lillehammer Seilflyklubb hadde bruk for klubbhus og verkstadlokale, og saman med Oppland Luftsportskrets sette klubben opp eit eigna bygg lengst aust på plassen. Bygget inneheldt to kontor og verkstadplass for to seglfly.
Nå som Gudbrandsdalen hadde fått ein svært så eigna sportsflyplass, vart så spørsmålet om å stifte ein motorflyklubb aktuelt. Den 28. mai 1986 var Gudbrandsdal flyklubb ein realitet. 13 medlemmer var med på oppstarten, og ved utgangen av året hadde dette talet auke til 29. Hausten 1987 kunne klubben kjøpe sitt eige fly, ein Cessna 172 LN-BWC. Klubbens neste store oppgave var å få bygd ein hangar. Denne vart bygd på dugnad av klubbens medlemmer og sto ferdig våren 1989 med plass til fire fly. I tillegg hadde klubben fått bygd eige tankanlegg med nedgraven tank for Avgas 100LL.
Frya Flyplass A/S vart oppløyst i 2003 etter å ha blitt halden kunstig i live av almisser frå Ringebu og Frons-kommunane. Frya Renseanlegg har så overtatt som driftsselskap, men det er Gudbrandsdal Flyklubb som sidan 1990-talet i praksis har stått for den daglege drifta. Det såkalla servicebygget har flyklubben fått bruke som klubbhus sidan midt på 1990-talet.
Hausten 2001 fikk flyplassen montert nytt, bakkemontert bensinanlegg. Dette har ein tank på 15m³ utplassert av Shell. Til tanken høyrer operasjonsskap med motortrekk på slangen, brannslokningsutstyr med meir.

Kilder og litteratur