Rutebilhistorie i Nord-Gudbrandsdalen

Ottadalen

Etter at Dovrebanen vart opna gjennom Gudbrandsdalen og det synte seg at det ikkje var aktuelt med nokon jernbane opp gjennom sidedalføra, vart det snart interesse for å etablere bilruter, spesielt opp gjennom Ottadalen.

Pioneren

Den første bilen som tok seg oppover Ottadalen, kom så langt som til Vågå. Men eigarane våga ikkje å køyre over Finna bru. Dette var i 1904.
 I 1910 vart det sendt søknad om konsesjon på ei rute mellom Otta og Grotli. Amtmann Holst var interessert i forsøket, men ikkje overingeniør Aubert som kjente vegane betre og trudde at det måtte gå gale. Men det vart likevel gitt konsesjon for 14 dagar, og folk vart gjennom oppslag gjort kjent med rutetidene – så dei kunne halde seg unna! Turen kom i gang med vognmann Johan Iversen som sjåfør. I Vågå var det flagging, men lensmann Nordahl møtte fram og la ned forbod mot vidare køyring av omsyn til vegarbeid ved Byrberga. Men dei kunne få køyre til Klones der eigaren Fabritius under ein middag med champagne helste den nye tida velkomen. Bilen køyrde trass i forbodet vidare og kom seg gjennom ved Byrberga og fram til Fossbergom. Ved Vollungsbrua i Skjåk måtte dei vente eit par dagar fordi brua var under reparasjon. Men etter kvart kom dei heilt fram til Grotli. Etter dette gjekk ruta i heile juli den sommaren.
 Dette var pionerturen. Etter det har det i Ottadalen vore i alle fall sju organiserte billag. I tillegg har det vore in del andre meir sporadiske transportforretningar. Skjåk allmenning tok til med lastebiltransport rundt 1916, og Østlandske stenexport hadde også bilar ei tid. Fleire av selskapa i Ottadalen arbeidde parallelt, og dette var årsak til mange feidar og bataljar gjennom åra.

Søknad fra Ottadalen – Geiranger – Stryn Interkommunalt Bilselskap om dispensasjon fra å bruke en bestemt dimensjon på gummidekk,1921 (Fylkesarkivet i Oppland, Ark/9)

Dei første selskapa

Lastebilen Otta – Skjåk vart altså stifta i 1916, men gjekk alt i 1919 inn i Ottadalen Kommunale Auto. AS Geiranger – Nordfjord – Otta var stifta alt i 1915. Bilane til selskapet gjekk berre i turistsesongen om sommaren, og alt i 1920 gjekk dette selskapet inn i selskapet OGS (Ottadalen – Geiranger – Stryn). AS Ottadalens Automobilselskap frå 1916 hadde også stutt levetid, mens derimot Ottadalen Kommunale Auto levde frå 1919 og til selskapet gjekk inn i det nye Ottadalen Kommunale Billag (OKB) som vart stifta i 1943. Ottadalen – Geiranger – Stryn vart starta i 1920, og gjekk seinare også delvis inn i OKB. Det gjorde også Skjåkbilane som vart starta i 1922. I 1920- og 1930-åra konkurrerte Skjåkbilane, Ottadalen Kommunale Auto og OGS om trafikken i Ottadalen. I den såkalla Ottadalsvisa heiter det: ”Ingen veit korleis striden endar so lenge selskapa driv og slest. Dei kan vel eingong bli gode venner og bli forlikte om å bruke hest.”

Vill køyring

AS Geiranger – Nordfjord – Otta var det første organiserte selskapet i Ottadalen. Starten var fire Opel-bilar som Karl Mjelva og M.A. Loen hadde fått heim frå Tyskland like før krigsutbrotet. I desse hektiske tidene vart det køyrt heilt vilt utan konsesjon. Men på eit møte på Grotli i september 1914 vart det semje om ei ordning. Vognmann Johan Iversen vart tilsett som styrar på Otta. På Grotli vart Arne Berstad rutebilsjef. Innsatsen som Berstad gjorde for rutebiltrafikken mellom Vestlandet og Austlandet, var svært omfattande, og i øvre Ottadalen går det framleis mange historier om han.
 GNO opparbeidde etter kvart ein svært bra reisetrafikk over fjellet, og særleg innbringande var utfluktskøyringa frå dei mange flytande hotella som kom til Geiranger. Det vart køyrt svært omsynsfullt, og det kom ingen klager i Ottadalen. Men det hende at det ved Skåre var lagt ned ljåar i vegen, og det vart prøvd køyring med eit slag panserdekk lagt mellom slangen og dekket.

Sjåførproblem

Ottadalen Automobilselskap hadde i si stutte levetid problem med å få sjåførar. Resultatet vart at ein eldre danske måtte tilsettast. Han var svært imøtekomande og elskverdig, men også svært nervøs. Det er ikkje nokon god eigenskap for ein vognførar på smale vegar med høge stup utfor. Det hende at han før avreisa frå Otta ba passasjerar legge skillingar saman til krans for han om det skulle gå gale.
 Konkurransen med GNO var også hard. GNO sende ein mann som selde billettar på toget nordover frå Vinstra. OA vart raskt avvikla. Lastebilen vart seld til Vågå provianteringsråd som hadde bruk for ein bil for køyring til Klones, og personbilen vart seld til Heidal.  
 Lastebilen Otta – Skjåk trafikkerte med varebil til Lom og Skjåk. Stiftaren var Mathias Hole saman med W.H. Brimi og Ola Gran. Seinare kom fleire kjøpmenn med. Th. Garmo i Lom sto på troppa og rista på hovudet da den første bilen køyrde fram til Fossheim. ”Dette går aldri, Mathias”, var det oppmuntrande tilropet hans. Men så svært mange dagar gjekk det ikkje før han kom og ville vere med i selskapet.

Streik

Dette selskapet fekk også den einaste streiken som har funnest i transportvesenet i Ottadalen. Ein vognførar sette ein kveld bilen frå seg i Lom utan å lesse av da han meinte at dette ikkje var hans sak. Ein selvær som tilfeldigvis var i nærleiken, baud seg til å overta jobben. Men da han på første turen køyrde ned eit par stabbesteinar i Byrberga, fekk han avskjed på staden. Den gamle vognføraren overtok att etter at kasseraren hadde formilda han.

Mangesidig verksemd 

Rutetabell for Ottadalens kommunale auto og A/S Skjåkbilene, 1930 (Fylkesarkivet i Oppland, Ark/9)

I AS Skjåkbilane hadde kommunen ein tredel av aksjane. Resten hadde Skjåk allmenning, Skjåk Tamreinlag, kjøpmenn, hotell og private. Det vart vedtatt å bygge reparasjonsverkstad, og nødvendige maskinar vart kjøpt. Verkstaden er elles den same som i dag ligg i Bismo, men er nå mykje utbygd. Selskapet overtok også seinare postkøyringa mellom Otta og Nordberg, og det vart sett i gang forsøk på snøbrøyting. Kontinuerleg bildrift heile året i Ottadalen vart det frå 1927. I 1927 tok selskapet også til med mjølkekøyring i Skjåk. Den første ruta gjekk frå Billingsdalen. Seinare kom det ruter frå Bråtå og andre stader i bygda.
 Skjåkbilane hadde ikkje rute til Grotli og helle ringen annan spesiell turistrute. Derfor kom ikkje selskapet noko nemnande med i turistkøyringa.

Kommunalt tiltak

Ottadalen kommunale Auto var det første kommunale tiltaket på biltrafikkens område. Det var ordførarane i Vågå og Lom, Joh. Øvstedal og Rasmus Elvesæter som lanserte tanken om kommunal bildrift. Det blir fortalt at karane hadde møte med arbeidsministeren for å få statsbidrag. I ei beretning opplyste dei at dei rekna med eit vesentleg tilskott. I gleda over resultatet gjekk dei til fotografen. Seinare viste det seg at dei hadde vore for optimistiske. I staden for å auke, minka tilskottet etter besøket!
 Selskapets første varerute gjekk frå Lom kl. 7.30 og var attende kl. 19.15. Vegane var smale og dårlege, og den vanlege farten var rundt 15 km i timen. Det vart også forseinkingar fordi bilen måtte vente på møtande bil om lag som når tog passerer kvarandre på stasjonane i dag. Disponenten i OKA fekk overhøvling av lensmannen fordi bilen hadde passert ti minutt etter ruta. I 1921 vart også den første kollisjonen registrert. Ein OKA-bil med god fart på toppen av Snerle-bakken køyrde inn i ein Skjåk-bil som køyrde framfor han.

Kjente menn i styret

Det interkommunale selskapet Ottadalen – Geiranger – Stryn var eit samarbeid mellom Sel, Vågå, Lom, Skjåk, Stryn og Geiranger. Selskapet vart stifta på eit møte på Grotli 23. august 1920. Styret var samansett av kjente menn som Rasmus Elvesæter frå Lom, formann, Mathias Hole frå Skjåk, Peter Tenden frå Stryn, L.P. Flydal frå Geiranger, Olav Aasaaren frå Sel, og H. Gude Furu frå Vågå. Arne Berstad vart tilsett som disponent.
 Frå starten køyrde selskapet ruta Otta – Grotli og vidare over fjellet til Hjelle og Marok. Etter opninga av vegen langs Strynsvatnet vart ruta utvida til Olden. Frå teleløysinga om våren køyrde selskapet Otta – Nordberg. Frå 1927 vart det køyring året rundt.
 Arne Berstad leia dei første åra trafikken frå Otta. Men med bustad i Stryn kunne han ikkje ha kontakt med vinterkøyringa dei første åra. Turisttrafikken trong sin mann vestafjells om sommaren, og Berstad flytta derfor kontoret til Grotli. O.H. Bråten vart derfor den sentrale leiaren på Otta så lenge selskapet var i drift.

Flinke sjåførar

H. Gude Furu hevda at når biltrafikken i Ottadalen kunne gjennomgå så rivande ei utvikling, skuldast det i første rekke dei flinke sjåførane som utan tanke på overtidsbetaling sommar som vinter fekk bilen fram utan særlege uhell. Køyringa var ofte anstrengande, og det var lite tid som kunne ofrast på søvn og kvile. Ofte måtte dei klare seg med ansiktsvask i ein kald fjellbekk.

Kilder og litteratur